Populære innlegg fra denne bloggen
D/S Austrheim og Granvin på vei inn Lindåsslusane
Dette var einaste veien inn til lindås kai for dampen . Lindåsslusene vart bygde i perioden 1899 til 1908 og var i aktiv bruk fram til 1963. Sjølve slusekammeret er 38 m langt, 7,6 m breitt og 3,5 m djupt, med i alt 8 portblad. Etter framlegg frå dei, vedtok heradstyret den 11. april 1911 desse takstane: 1. Robåtar: kr. 0.25. 2. Båtar som berre krev opning av 1 sluseport: kr. 0,40. 3. Større farty: kr. 0,75. 4. Møkprammar med slep: kr. 1,50. 5. Mindre prammar: kr. 1,-. 6. Rutebåtar: kr.0,60. 7. Ferdafolk med rutebåtar og andre farty: kr. 0,10. Slusna idag. Du slepp å stenge portane når du skal inn. Full strøm har eg målt til 8 knop, men det er noen lunde stille mellom 2 til 4 timer etter flo oppgitt i tidevanstabell for Bergen. Du kan lese mer om restaurering av Lindås sjøsluser her
D/S Austrheim
D/S Austrheim på Vågen i Bergen. D/S «Austrheim» vart bygd ved Mjellem & Karlsen i 1913 og seld i 1952. D/S «Austrheim» var ein skaprsiglar av dei sjeldne. Når han etter vårpussen skifta over til metallpropell, var han ikkje god å fylgja. Dessutan hadde han eit handplukka mannskap som sette heile si ære i å halda båten i så god stand som mogeleg. Det seier noko når fleire av dei stod om bord i over 25 år, og ein av dei - som var ungkar - knapt gjekk i land sjølv på dei sjeldne fridagane sine. D/S «Austrheim» hadde triple dampmaskin på 40 NHK, og kunne ta 235 passasjerar. Mange av dei eldre lesarane vil nok med gleda og vemod minnast den smekre båten, som med sine reine og vakre liner pløgde fjordane våre gjennom tett på 40 år. Båten gjekk mykje i Hundvin - Lindås - Austfjordruta. D/S «Austrheim» vart i 1952 seld til Edvard og Hans Paulsen i Kopervik. Dei bygde båten om til lastebåt og sette inn motor, og gav han namnet «Slottheim». Dei fekk diverre liten glede av båten, då han forl...
Kommentarer