Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2008

Litt om bilen på kaia

Bilde
Frå 1880 til sumaren 1928 var båtane einerådande som samferdslemiddel. Nokre få privatbilar var komne til, den fyrste av dei kjøpt i 1923 av Hjalmar Fonnebost. Desse møtte gjerne opp på dei større kaiane og køyrde reisande frå båtane, utan at det var organisert noko fast rute eller ruteteneste.

Møbelfabrikken

Bilde
Bua til venstre for møbelfabrikken er idag sjøbu for Lindås båtforening.

D/S Lindaas

Bilde
Ein av båtane som la til Lindås kai. D/S Lindås I 1908 selde selskapet d/s «Nordhordland» som no hadde gjort teneste i 28 år. Selskapet fekk kr. 13.000,- for han, og desse pengane vart straks sette i ny båt som kom våren 1909. Båten fekk namnet «Lindås», og ruteområdet han tenestegjorde i vart for det meste Austrheim - Fedje - Byrknesøy. Vi kan ikkje eksakt finna kva han kosta, men prisen har truleg lege på rundt kr. 63.000,- Les om "Lindaas" redder "San Remo". Skib og Last var værdsat til 7 mill.kroner. 1919 kroner.

D/S Austrheim og Granvin på vei inn Lindåsslusane

Bilde
Dette var einaste veien inn til lindås kai for dampen . Lindåsslusene vart bygde i perioden 1899 til 1908 og var i aktiv bruk fram til 1963. Sjølve slusekammeret er 38 m langt, 7,6 m breitt og 3,5 m djupt, med i alt 8 portblad. Etter framlegg frå dei, vedtok heradstyret den 11. april 1911 desse takstane: 1. Robåtar: kr. 0.25. 2. Båtar som berre krev opning av 1 sluseport: kr. 0,40. 3. Større farty: kr. 0,75. 4. Møkprammar med slep: kr. 1,50. 5. Mindre prammar: kr. 1,-. 6. Rutebåtar: kr.0,60. 7. Ferdafolk med rutebåtar og andre farty: kr. 0,10. Slusna idag. Du slepp å stenge portane når du skal inn. Full strøm har eg målt til 8 knop, men det er noen lunde stille mellom 2 til 4 timer etter flo oppgitt i tidevanstabell for Bergen. Du kan lese mer om restaurering av Lindås sjøsluser her

D/S Austrheim

Bilde
D/S Austrheim på Vågen i Bergen. D/S «Austrheim» vart bygd ved Mjellem & Karlsen i 1913 og seld i 1952. D/S «Austrheim» var ein skaprsiglar av dei sjeldne. Når han etter vårpussen skifta over til metallpropell, var han ikkje god å fylgja. Dessutan hadde han eit handplukka mannskap som sette heile si ære i å halda båten i så god stand som mogeleg. Det seier noko når fleire av dei stod om bord i over 25 år, og ein av dei - som var ungkar - knapt gjekk i land sjølv på dei sjeldne fridagane sine. D/S «Austrheim» hadde triple dampmaskin på 40 NHK, og kunne ta 235 passasjerar. Mange av dei eldre lesarane vil nok med gleda og vemod minnast den smekre båten, som med sine reine og vakre liner pløgde fjordane våre gjennom tett på 40 år. Båten gjekk mykje i Hundvin - Lindås - Austfjordruta. D/S «Austrheim» vart i 1952 seld til Edvard og Hans Paulsen i Kopervik. Dei bygde båten om til lastebåt og sette inn motor, og gav han namnet «Slottheim». Dei fekk diverre liten glede av båten, då han forl